top of page

EIT 

VINTEREVENTYR

Av Jan Roar Leikvoll

Ein monolog med Jacob Jensen

«Eg spring
spring inn i skogen 

ut av leiren 

 

eg spring ut av meg sjølv 

dit eg sjølv vil» 


 

Kor langt kan eit menneske i fangenskap gå og framleis kunne forsvare sine handlingar? - Ei teaterframsyning om eit menneskes galskap og avgrunn

 

Kan vi rettferdiggjere vondskap når det er for å overleva? 

Eit vintereventyr er ei rå, brutal og vakker framsyning om livet på innsida av ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska og få nærleik frå andre menneske. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans. Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan lyfte eit menneske opp og styrke det, eller knuse det.

Jan Roar Leikvoll sin kritikarroste debutroman blir no teater med Øystein Johansen på regi. Med seg har han Jacob Jensen som er nyutdanna skodespelar frå teaterhøgskulen, Kunsthøgskulen i Oslo og dette er hans fyrste monologframsyning. Jan Roar Leikvoll (1974 - 2014) blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Denne monologen er skrive av Kristian Lykkeslet Strømskag, og er det fyrste samarbeidet med Øystein Johansen. 

Framsyningslengde: 1 time og 15 minuttar (ingen pause). 

 

Team: 

Idé og prosjekteigar: Øystein S. Johansen. 

Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag 

Regi: Øystein S. Johansen

Skodespelar: Jacob Jensen

Teknikar: Tobias Pfeil / Fredrik Storsveen (2020)

Produsent: Eline Lysen Paulsen

Inspisient: Maiken Rye

Foto og video: Erika Hebbert 

Produsert av Bunnyhead Productions i co-produksjon med School van Gaasbeek.

Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Innlandet fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Oslo kommune og Dramatikkens hus. 

Framsyningar

Premiere
Otta kulturhus — Noreg
(9. oktober 2020)

Turné 2020
Otta kulturhus — Noreg
Sentralen, Oslo — Noreg
Friscena, Gjøvik kulturhus — Noreg

Gjestespel
Bærum kulturhus — Noreg
(2022)

Oslo-logo-hvit-RGB.png
FLB_Endorser_Hvit.png
Kulturradet_logo_hvit_tekst.png
Innlandet_fylkeskommune_mono_hvit_RGB.pn
logo_ffuk_gray-png-transparent.png
dramatikkens-hus.png

Bunnyhead Productions
Artistic Director: Øystein Johansen
Oslo / Norway

info@bunnyheadproductions.com
Org.nr: 998 701 422

bottom of page